Lokalt

Ut på tur med Negotia Sunnmøre

Negotia avdeling Sunnmøre har gode tradisjonar for svært populære medlemsarrangement med god oppslutning. I kraft av 3-prosentmidlane fra forbundet sentralt, kunne vi denne gongen leggja opp ein tur til Sæbø og Rekkedal Gjestehus, i hjartet av Sunnmørsalpane. Sæbø ligg ved Hjørundfjorden i underkant av to timar sør for Ålesund.

Styret i Negotia avdeling Sunnmøre.

Lokalt samhald. Rundt førti sunnmøringer dro på innhaldsrik og hyggeleg Negotia-tur til Sæbø ved Hjørundfjoren.

Alle foto: Cathrine Ekenes Iversen.

Dagen starta med lunsj på hotell Sagafjord, med utsikt mot speilblank fjord og majestetiske Slogen, Saksa og Urkeegga i syningom. Etter ein lengre periode med regn fekk vi denne dagen flott haustver, og det passa godt til utandørsaktivitetane seinare på dagen.

Rekkedal Gjestehus hadde laga eit kjempeflott opplegg. Vi fekk super guiding i bussen, og deretter kjekk og informativ rusletur frå Villane til Rekkedal. Alle var og strålande fornøgd med dei godt tilrettelagte aktivitetane som følgde, og som skapte konkurranseinstinkt og moglegheit for å bli kjent med nye mennesker.

Vin- og ostesmakinga med foredrag, gav eit flott innblikk til den fantastiske vingården i Italia, som Rekkedal importerer vinane sine i frå. Mange ønskte seg nok sørover til varme og vakre Italia akkurat då.

Naturleg. Vakker natur og flotte folk!

Kvelden fortsatte med utsøkt service og gjestfriheit. Det var fantastisk å kunne forflytte seg rundt til dei ulike lokala, som alle er utsmykka med kvar sin eigenart.

Styret baud på underholdning med ABBA-show og sjølvskreven Negotia-song, framført i glitrande kostymer. Det var stor stas at innslaget ble mottatt med begeistring av publikum.

Det var ein fornøgd gjeng som hadde mykje gode tilbakemeldingar på opplegget, og som var glade for å endelig kunne møtast fysisk igjen. Takket være dyktige Cathrine Ekenes Iversen, markedskonsulent i Negotia, fekk vi også faglig påfyll i form av en god og informativ presentasjon av forbundet. Kvelden blei runda av med to flotte og ettertenksomme dikt, framført av verten sjølv.

ABBA. Avdelingsstyret tro til med ABBA-show og sjølskreven Negotia-song – til stor begeistring frå publikum. Frå venstre: Ellinor Rinde, Katrine Lillebø Aasen, Anita Steinnes og Irina Sævik.

Negotia Avdeling Sunnmøre har for tida om lag 660 medlemmar. Vi synast det er viktig å tilby medlemmane aktivitet lokalt. I år har vi for eksempel hatt konkurranse i ”Stikk Ut”, som er ein sunnmørsk variant av Stolpejakten. På årets regionsamling for Region Midt, som vi holdt i Geiranger i forkant av Negotias landsmøte i høst, trakk vi ut fire vinnarar av eit gåvekort blant ivrige Stikk Ut-deltakarar.

Totalt gjekk spreke medlemmar på Sunnmøre 6 485 kilomter og vi besteig 237 545 høgdemeter. Dette blei trettifyrste plass i Norge – noe vi synast er svært bra.

Neste på programmet når dette skrivast er LinkedIn-kurs i slutten av november. Og så har vi ein del ideer til neste år. Vi håper alt no ligg til rette for fysiske arrangementer vidare framover.